[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Opningsfest for Voss Idrottshus og baneanelegget

Forfatter: Jon Sindre Rødland

05. oktober 2023

Forside
News article image

Etter ein hektisk vår og sommar, er det endeleg klart for å markera opning av Voss Idrottshus og det fantastiske anlegget vårt.

Vinter og vår har gått med til å få på plass eit anlegg som skal tåla så mykje som mogleg, og me rakk med minst mogleg margin å få dette på plass før Voss Cup 2023. Her er det mange gode frivillige krefter som har vore i sving, og alle involverte har hatt idrott og idrottsglede som målsetning for å få dette på plass så fort som mogleg.

På seinsommaren har ein fått flytta inn og tatt i bruk Voss Idrottshus, og ser kor samlande og skapande dette bygget vil vera for alle med eit hjarta for idrott på Voss.

https://forms.office.com/e/RNmxbYSLMs


Custom image