[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

VIL DU/DE TRENE DENNE FANTASTISKE GJENGEN?

Forfatter: Linda Fostervoll Kvamme

21. juni 2023

Forside
News article image

Fotballklubben Voss søkjer nye trenarar til Superlaget frå haustsesongen. Superlaget er vårt tilbod om tilrettelagt fotball, og laget består av 17 spelarar som møter deg på kvar einaste trening med god moral, idrettsglede og godt humør.

Kvalifikasjonar

Me vonar å finne nokon som kan syne engasjement for FBK Voss sitt Superlag, har evna til å vera tydeleg og kommunisere godt. Du må bry deg om laget og spelarane, og vere ein person dei kan verte trygg på.

Trenaroppgåver

Superlaget har ei trening i veka, den er på tysdagar frå 16:00-17:00, med oppstart etter vinterferie. Gjennom sesongen deltek laget på nokre serieturneringar vår og haust.

Som trenarar skal ein skape ein arena for fysisk aktivitet og idrettsglede samt legge til rette for samhald i gruppa.

Oppstart engasjement i august -23

Me tilbyr

  • Eit unikt fellesskap
  • Ei trenargjerning der du skal jobbe i team, fleire trenarar i samarbeid med personar som har støttefunksjonar rundt laget (lagleiarar m.m)
  • Kompetanseoverføring frå Olav Rekdal som har vore drivkraft og hovudansvarleg for Superlaget i mange år
  • Klespakke der du får kle frå klubbkolleksjonen
  • Ei allsidig og meiningsfull trenaroppgåve der du får nytta heile deg
  • Leia laget med dei største superstjernene i klubben😊

Me vonar at dette er noko du/de har ynskje om å vera med på😊


Ta kontakt med Linda Fostervoll Kvamme ([email protected], tlf. 99704698) eller

Hallgeir Finbråten ([email protected], tlf. 95171488)