[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

PÅMELDING VOSS ENERGI AKADEMIET VÅR 2022

Forfatter: Silje Hauge

22. desember 2021

Forside
News article image

Påmeldinga til Voss Energi Akademiet vinter/vår 2022 er opna!

I haust starta FBK Voss opp med Voss Energi Akadmeiet! Dette er eit tiltak me ynskjer å viderutvikle i 2022, noko som gjer at me no tilbyr ei fast ettermiddagøkt på fredagen i sesongoppkøyringa!

Målet er å gje dei ivrigaste jentene og gutane i 7.-10. klasse eit tilrettelagt og godt ekstratiltak, som òg i mykje større grad skal legge grunnlaget for ein felles «rød tråd» for ungdomsfotballen i klubben. Det vil bli jobba målretta med ulike fasar av spelet gjennom spel/motspel, samt rolletrening med fokus på individuelle og relasjonelle ferdigheiter.

Fredagsøkta er open for alle kull i ungdomsfotballen (2006-2009), medan måndagsøkta er eit tilbod for dei i ungdomsskulealder (2006-2008). Etter sommaren vert det ny påmelding for hausten.

Tid: Mandag kl 07-08 (3.jan - 13.juni) og fredag kl 15:30-17 (7.jan - 8.apr)

Stad: Prestegardsmoen kunstgrasbanar/Idrettshallen

Pris: 900kr i eingongsbeløp for fredagsøkta (3 mnd), 300 kr per månad for måndagsøkta (5,5 mnd).

Melder ein seg på begge dagane får ein 100kr avslag på fredagsøkta og vil bli fakturert 600kr i eingongsbeløp.

Plassar: 60 stk på fredagsøkta og 30 stk på måndagsøkta. «Fyrstemann til mølla»-prinsippet gjeld.

Oppstart: Måndag 3. januar og fredag 7. januar.

Akademiet vert leia av utdanna og erfarne trenarar; Maid Memic, Magne Himle, Kristoffer Bidne og Bjarte Bergstrøm, samt at trenarane på dei ulike ungdomslaga i klubben òg skal bidra regelmessig på feltet.

Les info i påmeldingsskjema og meld deg på: HER

Spørsmål? Kontakt Maid på: [email protected]