[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Medlemskontingent og treningsavgift for sesongen 2022

Forfatter: Silje Hauge

25. april 2022

Forside
News article image

Medlemskontingent og treningsavgift for sesongen 2022 er no sendt ut på mail. Last ned Spoortz-appen for å få rekningane og medlemskortet rett på mobilen!

Nytt av året er at du no kan velgja å lasta ned Spoortz-appen til mobilen din og få fakturaer og medlemskort rett i appen. Sjå instruksjonar i mailen for korleis du kan laste ned appen og betale med Vipps eller kort.

I appen vil du òg som føresett få opp alle medlem og fakturaer som er knytt til deg og kan enkelt betala for borna dine. Du kan få med deg dei siste nyheitene frå heimesida og få opp medlemskort når du skal nytte medlemsfordelar hjå våre samarbeidspartnarar.

NB! Medlemskontingent og treningsavgift vert sendt ut som to separate fakturaer og mailar!

Ta kontakt på [email protected] dersom du ikkje har mottatt mailane, om du har spørsmål til fakturaene eller har problem med å få til appen.

Minner om at Voss Herad gjev ungdom i 6.- 10.klasse 500 kr til dekking av fritidsaktivitetar gjennom Fritidskortet. Les meir og registrer HER

Fotballklubben Voss ynskjer ikkje at økonomi skal vera ei hindring for at born og ungdom skal kunne delta i aktiviteten og hjelper gjerne med å finne løysingar dersom du har utfordringar med betaling. Ta kontakt med administrasjonen: [email protected] eller ein lagleiar på laget til bornet ditt. Me har teieplikt og ynskjer å hjelpe!