Meld skade kjapt!
Alle aktive spelarar som har betalt medlemskontingent til FBK Voss er forsikra gjennom NFF si forsikringsordning i Gjensidige. I barnefotballen og på seniornivå ligg denne forsikjringa i lagsavgifter, i ungdomsfotballen betalar klubben per aktiv spelar.
Har det oppstått ein skade er det viktig at denne vert meldt snarast mogleg til forsikringsselskapet, så får ein god hjelp og oppfylgjing vidare. Skademeldingsskjema fin du her: Meld skade
Her finner du gjeldande forsikringsbevis for grunnforsikringa: Forsikringsbevis 01.03.2022 - 28.02.2023
Det kan ta tid å komme tilbake etter ein skade, og denne tida kan bli lang dersom ein kjem i behandlingskø. Ynskjer ein å forsikra seg slik at ein kjem kjapt til undersøking og behandling kan utvida forsikring vera ei god investering. Dette er ein kostnad kvar spelar sjølv må ta. Søknadsskjema og meir informasjon om utvida forsikring finn ein her: Søknadsskjema utvida forsikring



















